iark

På flyttefot med fotavtrykk

IARK — Kommentar/ Jorunn Rage/ Miljøgruppa
1. juni 2023

Kor stor miljøpåverknad er det eigentleg når ei bedrift skal flytte og kven har ansvaret for at fotavtrykket vert så lite som mogleg?

Gjennomtenkte materialval i høg kvalitet og god utføring i trapperom og fellesområde står seg mot svingingar i trendane hos Cinemateket / NFI.

Foto: Ruben Ratkusic

Nøytrale, lune fargar og materialar på veggar og fast interiør hos Arctic. Detaljer i rommet gir farge.

Foto: Niklas Hart

Forventningar

Nye lokale, anten ein flyttar til ny adresse eller reforhandlar leigekontrakten der ein er, skapar forventningar om endring og fornying. Nye behov kan ha oppstått sidan førre flytting, som at ein kanskje er fleire tilsette, eller bedrifta har endra måten ein jobbar på. Samstundes er det vanleg at bedrifter nyttar sjansen til å fornye profilen sin gjennom form, farge, materialbruk og detaljer for å skape ei kjensle av kven ein er no overfor kundar og eigne tilsette. Både mindre og meir omfattande leigetakartilpassingar medfører ein påverknad på miljøet; veggar skal rivast og settast opp igjen i ny posisjon, himling skal bytast ut og nytt golvteppe skal inn – til dømes. I tillegg skal kanskje det faste interiøret bytast ut eller oppgraderast. På toppen av dette ønsker gjerne leietakarar å gå til innkjøp av nye møblar, sjølv om det ofte er for å supplere ombruksmøblar frå det gamle lokalet. Når ein veit at dei fleste leigekontraktar er på 5-10 år vert dette samla sett ein stor miljøpåverknad i Noreg. Forleden dag høyrde eg ein gardeigar frustrert referere til at ein for 30 år sidan brukte eit halvt års leigeinntekt på å tilpasse til ny leigetakar, mens ein no er oppe i tre års leige – og dette på ein kontrakt som kanskje skal vare i 5-7 år. Dette er ikkje berre kostbart, men fortel også noko viktig om kor omfattande tilpassingane i dag er. Men kva kan leigetakarar forvente dersom ein skal minske miljøpåverknaden og kven har ansvaret – leigetakar, gardeigar, leigetakarrådgivar eller interiørarkitekt?

Valmoglegheiter

Nokre gardeigarar utviklar materialdokument med standardval for leigetakarane i sine bygg. Dersom bygget har ein god grunnpalett med solide og varige materialar, er dette eit svært godt utgangspunkt når ein ny leigetakar skal inn, men ikkje alle kontorbygg har slike gode, gjennomgåande kvalitetar. Eit materialdokument gir derfor ein god føring på kva som passar å legge til i bygget, både med tanke på estetikk, varigheit og berekraft. Snevrare valmoglegheiter for leigetakarar kan gi meir varige og heilskaplege interiør, noko som mest sannsynleg vil vere lettare å ombruka ved neste tilpassing. Kanskje har gardeigar også eit lagerrom i bygget slik at det er enkelt å supplere undervegs, for eksempel med teppeflis, og at leigetakar for eksempel kan velgje mellom tre fargar som alltid er på lager? I tillegg til materialval er det ein stor fordel dersom hovudstrukturen – veggar, himling og teknikk – på kvar etasje kan gjenbrukast til nye leigetakarar. Det kan i tillegg for eksempel leggast føringar for kva veggar eller område leigetakar har lov til å utforme for å vise fram sin eigen identitet – er marknaden moden for dette, og om ikkje, kven tør å gå i bresjen for at den skal bli det?

Ein stor hylleseksjon med tilhøyrande bord er designa for å kunne demonterast eller endrast ved behov hos Bull & Co.

Fotograf: Niklas Hart

Høg kvalitet på faste element og lys himling i resepsjons- og fellesområdet hos Bull & Co.

Fotograf: Niklas Hart

”Eit materialdokument gir derfor ein god føring på kva som passar å legge til i bygget, både med tanke på estetikk, varigheit og berekraft. Snevrare valmoglegheiter for leigetakarar kan gi meir varige og heilskaplege interiør, noko som mest sannsynleg vil vere lettare å ombruka ved neste tilpassing.”

Den nye estetikken

For å sikre at leigetakaren får dekt alle sine behov kjem leigetakarrådgivaren inn, og vedkommande ønsker sjølvsagt at leigetakar skal få det beste utgangspunktet i det nye lokalet. Dersom dette er synonymt med heilt nytt, vil det verta vanskelegare for både gardeigar og interiørarkitekt å få til ombruk. Me vil derfor slå eit slag for den nye estetikken: det skal vere ein god heilskap med sterk identitet, men ein må tole at alt ikkje er flunkande nytt. Kan leigetakarrådgivaren bidra til at leigetakarane stiller leveransekrav som inneheld ombruk?

Korttenkte tilpassingar

Som interiørarkitektar er me innimellom vitne til, eller involvert i, leigetakartilpassingar som me ser vil gjere det vanskeleg å ombruka bygningsfaste element til neste leigetakar utan at det vert gjort omfattande og kostbart arbeid. Dette er ofte nokså fastlåste prosessar. Eksempel på dette er å legge svært kulørt himling eller annan spesialhimling i større deler av lokalet eller svært særeigne toalett; identitetsskapande for eksisterande leigetakar, men heilt feil for neste – dette er sjølvsagt kostbart for gardeigar og uheldig for miljøet.

Analyse og heilskap

Interiørarkitekten er trent i å planlegge heilskapen i interiøret både på kortare og lengre sikt for å sikre fleksible interiør (det er uansett interiørarkitekten som møter seg sjølv i døra ved neste leigetakartilpassing). Først og fremst er det viktig å sikre at planløysinga både er fleksibel og generell gjennom grundige analyser ved å utarbeide blant anna gridstruktur. I dette ligg det at ein skal kunne tilpasse bygget til ny leigetakar ved å gjere så få endringar som mogleg, som til dømes å ombruka romplasseringar eller himling i eksisterande posisjonar i størst mogleg grad. Det er viktig å stille seg sjølv spørsmålet: «Neste gong eg skal løyse dette lokalet for ein ny leigetakar, kva for løysingar ville eg då endre på?». I tillegg bør ein sjå på det estetiske; er grunnpaletten varig og nøytral nok til å tiltale flest mogleg og kva er den riktige heilskapen for bygget sin identitet og historie? Korleis kan ein minimere omfanget av spesialtilpassa løysningar, og kor enkelt er det å legge til element som skapar identitet ved å supplere med ombrukte materialar og møblar som enkelt lar seg demontere? I tillegg bør ein kartlegge og dokumentere tilgjengelege ressursar i bygget som kan takast med inn i prosjekteringa ved neste leigetakartilpassing.

"Me vil derfor slå eit slag for den nye estetikken: det skal vere ein god heilskap med sterk identitet, men ein må tole at alt ikkje er flunkande nytt. Kan leigetakarrådgivaren bidra til at leigetakarane stiller leveransekrav som inneheld ombruk?"

Lause møblar, tepper og dekorelement gir farge i det elles nøytralt fargesatte rommet hos Klaveness Marine.

Foto: Anne Valeur

Samarbeid

Så – korleis minimere fotavtrykket ved neste leigetakartilpassing? Samarbeid er eit viktig nøkkelord. Dersom gardeigar minimerer valmoglegheitene for leigetakar, men hever kvaliteten på det som allereie finst i bygget, samstundes som rådgivar formulerer færre skal-krav og opnar opp for å vurdere ombruk som eventuelt krev avvik frå generelle krav, er ein godt på veg. I tillegg bør ein få på plass eit krav om klimagassrekneskap for interiør. Interiørarkitekten må på si side tenke langsiktig slik at det ikkje vert for store endringar når neste leigetakar skal inn. Saman kan me redusere fotavtrykket i tråd med FN sitt berekraftsmål nr. 17: Samarbeid for å nå måla.

Publisert i NæringsEiendom Juni 2023

Flere artikler fra IARK